Forside:Hallingdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Nesbyen • Ål

Om Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto".

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud. V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Austlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen opna, vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Rosekyrkja i Stordal
Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen
Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.   Les mer …

Olav Reinton foreviga kvardagslivet i bygda. Denne vesle pjokken i velbruka brok er Ingvald Slettemoen kring 1911.
Foto: Olav Reinton. Kjelde: Bilete frå Hol, 1993.
Olav Reinton på orgelkrakken, kring 1910-12. Hol bygdearkiv eig biletet.

Olav Reinton (født 31. januar 1886, død 17. september 1916) var heradskasserar i Hol kommune. Han verka også som organist og fotograf.

Reinton vaks opp på klokkargarden Solvang (19/8) i Holet, Hol kommune, og var son av lærar og klokkar Sigurd Olson Reinton og Ågot, født Tolleivsdotter Skattebøl frå Ål. Han var eldst i ein syskjenflokk på tolv (to døydde rett etter fødselen), og blant syskjena var Sigurd og Lars Reinton. Reinton døydde av tuberkulose berre 30 år gamal.

Kring 1907 byrja Reinton å fotografere, og det heldt han fram med til han vart sjuk kring 1914. Reinton reiste mykje rundt og dokumenterte både kvardagsliv og høgtid i bygda. I tillegg tok han portrett og landskapsbilete og utga også prospektkort. Mange av fotografia er samla i boka Bilete fra Hol [1] Dei to siste åra han levde var det syskjena som reiste ut for å ta bilete. Det finst kring 900 glassplater etter Reinton, som Hol kommune har fått i gåve frå syskjena. Reinton førte også protokollar med notat for kvart bilete, som også er bevarte.   Les mer …

Anne Sorteberglien (fødd 6. februar 1912, død 4. mai 2019) budde i Ål i Hallingdal. Ho var mor, «Gommo», oldemor og tippoldemor, med over 100 etterkomarar. Då ho fylde 102 år, skreiv Aftenposten at «Tross sin høye alder er jubilanten en klar og oppegående dame, som trives godt på Ål bu- og behandlingssenter».

Ho var dotter av gardbrukar Ole Larsen Holepladsen (f. 1882) og husmor Guri Haakensdotter Holepladsen (f. 1884), og vaks opp på Holeplassen i Ål. Anne mista faren då ho var 14 år gamal, då han fekk blindtarmbetennelse og måtte dra til sjukehuset med tog. Reisa vart for lang, så han kom ikkje fram i tide. Mora vart då att aleine med sju ungar.

Ho vart gift med Torleif Sorteberglien (1910–1997). Dei fikk ti born. Tre av dei døydde i 30- og 40-årsalderen av kreft. Anne og Torleif dreiv gard, og ho hadde ansvaret for støylsdrifta gjennom meir enn 50 år.

I 1997 mista ho mannen. Då han vart sjuk kort tid før flytta dei til Ål bu- og behandlingssenter, og der budde ho resten av livet.

  Les mer …

Gol og Hemsedal kommune i Hallingdal i Buskerud ble oppretta i 1838. Kommunen eksisterte fram til 1897, da den ble delt i Gol kommune og Hemsedal kommune. Området var det samme som disse to kommunenes areal. Kommunen svarte til det tidligere Gol og Hemsedal prestegjeld med sokna Gol, Hemsedal og Herad.   Les mer …

Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.   Les mer …

Utsikt mot Ustaoset fra Usteberget.
Foto: Morten Wiig Letnes (2008)
Ustaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh.) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell vart bygd og hyttebyen vaks fram.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hallingdal
 
Andre artiklar
  1. Alsvik, 1993.